Vefring Consulting

"Vi står på terskelen til noko stort".. hmm

For hugsar du dei elektriske taxiane i New York i 1897 ?
https://time.com/4018590/brief-history-nyc-cabs/

Nei ?, ikkje eg heller. Men dei var der. Og slik er det med så mykje teknologi.
Så no e det vindmøllebygging som e så stort, og jordvarme, fjordvarme og bergvarme.
Bare solceller blir overlatt til private, og helst ikkje på Vestlandet.

Vindmøller har allereie vore ei kjærkomen hjelp for jordomseglarar, og fjellhytter.
På land har møllene blitt installert på øyer, som skulle bli sjølvhjulpne, for så bare å bli plukka ned, og aldri meir nevnt.

Det seier meg at teknologiutviklinga er for sterk, og gjeldsinsentiva for store.
Altso: vi veit at byggekostnad, og vedlikehald aukar med vekt og størrelse. Men også indre friksjon, og naturleg slitasje.
I ein stor generator, må tannhjula aleine ha rikeleg med fersk olje og stort vått areal, for å gå optimalt.
Det er vel difor Ford som eit miljøtiltak har gått ned til 1 liters motorar.

Når seglbåtane vart bygde i glasfiber på -60 tallet og utover, so var designen og usikkerheita so stor at båtane vart langt
meir solide enn det nokon gong ville verte bruk for. Materialeigenskapane overgjekk byggjekulturen og designkapasiteten.

No e det visst slik at om får du vindmøllene lette nok, til dømes om du byggjer dei i karbon. 
So vil dei kunne autorotere i lett vind, eller negative vindtilhøve.
Det betyr at dei går av seg sjølv "på tomgang". Du treng altso ikkje reise til den ytterste forblåste ø.

Store vindmøller er tunge, glasfiber kadaver, som inneheld fleire badekar
hydraulikkolje. Dei må slåast av når det bles for mykje, så dei ikkje går sund.
Du må leige inn ein heil barneskule, helikopter, og kranbilar. Kvar gang du skal ha service.

Når mange nok av desse er monterte, so finn nok kommunekasseraren ut at "dette har ikkje råd til", det e best å sprenge
skiten, så den dett ned, heilt gratis. Akkurat som gamle verftskraner.